Årsmøte 2026
Årsmelding driftsåret 2025.
I 2025 har laget hatt 31 betalande medlemer i tillegg til ein æresmedlem
Styret var slik samansett:
Leiar Geirr Vetti
Styremedlemer: Anne Lise Aasen, Hans Vigdal Bringebøen, Trygve Lerum, Kjell Einar Ormberg
Varamedlemer : Brita Kristine Bollingberg, Halvard Johan Bolstad, Bjørg Hovland, Leidulf Veka
Revisor: Jon Galde
Valnemnd: Torunn Løne Vinje , Ragna Aud Leirmo
Nemnder:
Hestaskår-nemnd: Geirr Vetti, Torunn Løne Vinje, Bjørg Hovland, Trygve Martinussen, Hans Vigdal Bringebøen
Foto-nemnd: leiar Bjørg Hovland
Stadnamn-nemnd: leiar Per-Arvid Hauge
Dalsdals-nemnd: leiar Kjell Einar Ormberg
____________________________________________________________
Det er i arbeidsåret halde 2 styremøte,. Fyrste styremøtet den 22.januar var på Fjordstova, der årsmøtet 2025 vart planlagd. Styremøte nr 2, den 08.oktober, var i Ormelid med omvising og informasjon om arbeidet, planar vidare mm
Årsmøte var på Fjordstova den 26. Februar med 29 medlemer tilstades. .
Det har vore 1 arbeidsmøte, 12.november, med gjennomgang av eldre bilete frå området Luster – Alsmo, som førebuing til Historisk kafe på Fjordstova
Det var og 1 møte, 24.10. med Hallvard Trohaug vedk fredingssak Hestaskår
Aktivitetar i 2025:
§ Søknad om gåvemidlar frå Luster Sparebank.
Søknad til Luster kommune og Vestland Fylkeskommune om utsett frist for innsending av rapport om ferdigstilling av tildelte midlar til verna kulturminne 2021 Hestaskår. Ny frist vart innvilga: 01.09.2026.
§ I januar mottok laget ei sending med eldre brev , 9 konvoluttar med innhald og 38 konvoluttar utan innhold. Avsendar var Hans Christen Knævelsrud. Breva hadde tilhøyrt far hans, Odd Knævelsrud, ein fjern slektning av Brathole. Mange av breva er stila til Eirik Brathole, Bratholes arbeidsskole, avsendarar er bl.a. Kirke og Undervisningsdepartementet som sender plan for skulen,
Historisk kafé på Fjordstova, 4. april og 16. november. Framvising og informasjon om eldre bilete.
§ Utarbeiding av informasjonsbrosjyre om Luster Sogelag
§ Ormeli, Markens Grøde – filminnspeling
§ Dugnadsarbeid og slåttearbeid i Hestaskår
§ Kontakt med Land Museumslag, Innlandet fylke om evt samarbeid om etablering av Nasjonalt senter for husmannsvesenet
§ Sage-filmen
§ Nettsideaktivitet
Årsmelding frå dei ulike gruppene:
Hestaskår:
Fylkeskommunen har siste tida arbeidd med ei vurdering av å få starta opp fredingssak i Hestaskårane. Det avgjerande i fyrste omgang er at fylket sender ei oppmoding til riksantikvaren.
Riskantikvaren skal så ta stilling til om å reisa fredingssak og vil då varsla oppstart. Riksantikvaren utarbeider fredingsforslag. Både varselet og forslaget vert sendt på høyring til eigarar og involverte partar.
Dersom det vert vedteke å starta fredingssak i løpet av året vil Sogelaget kunna søkja tilskot for restaurering av freda bygg i privat eige med frist 1.november 2026.
Hestaskårane vert noko brukt av skule og barnehage. Utescena er i dårleg stand og etter råd frå fylkeskommunen bør ein vurdera ei anna løysing. Utescena har ein viktig funksjon for at ungane i skule/barnehage skal opphalda seg i Hestaskårane. Sogelaget bør vurdera ei anna løysing.
Foto/film: Bjørg Hovland har vore i kontakt med Fylkesarkivet. Arbeid med identifisering av folk og stader mm går sin jamne gang, men det har ikkje vore halde møte om dette i 2025.
Halvard Johan Bolstad har saman med Fjordstova arrangert to populære kveldar med framvising av eldre bilete frå området Fortun – Alsmo. Halvard Johan hadde og fotoframvising på Skjoldadagane, og har vore ein gong på Seniortreff i Gaupne og vist fram og fortalt om gamle bilete.
Geirr Vetti har vore i kontakt med eigarane i samband med at sogelaget ønskjer å få digitalisert og vist fram ”Sage-filmen”, målet er få ein avtale med eigarane om å få dette til.
Stadnamn:
I mars føretok Per-Arvid Hauge ei bussreise frå Skagen, Fortun til Sogndal for å få registrert og utarbeida ein oversikt over samtlege av Tide sine namn på dei ulike busstoppa, dvs. namna som viser oppe i taket på bussane, for deretter å sjå om Tide har nytta korrekte stadnamn. Han har og sendt oversikten til Hafslo sogelag med oppmoding om at dei kontrollerer namna i sitt område.
I april vart det sendt skriv til Skjolden Bygdelag, Skjolden Grunneigarlag og Skjolden Beitelag vedr. registrering av lokale stadnamn på utvalde ferdslevegar i Mørkridsdalen.
Per-Arvid har og korrespondert med Luster kommune etter at det i kommunen sitt informasjonsblad Lustranytt vart nytta skrivemåten Dulseth om stølsområdet Dulsete. Han minner kommunen på det store arbeidet som sogelaga har lagt ned i Stadnamnprosjektet. Dette stadnamnregisteret, som inneheld ca. 20.000 namn, er å finna på nettet hos Fylkesarkivet, og bør nyttast for å sikra korrekt skrivemåte.
Dalsdalen: Gruppa har føreteke div registreringar, bl.a. av taubaner i området, bruk og bilete. Det er og gjort innsamlingsarbeid ved søk på internett.
Planar for 2026 :
§ Oppdatering av informasjonsbrosjyre om Luster Sogelag
§ Historisk kafe på Fjordstova, vår og haust.
§ Hestaskår, dugnad og reparasjon av utescene mm. Søknadsskriving, samarbeid/korrespondanse med offentlege etatar.
§ Prosjekt Dalsdalen, vidare innsamling av informasjon og framvising av filmen Ei tidsreise for ein husmannsgut frå Kilen
§ Historisk Time i Radio Luster
§ Samtalar med eldre personar, opptak
§ Deltaking ved opning av Ormelid 20. Juni – eigen stand
§ Bildebok frå gamle Luster
§ Produsera stoff til sogelaget si nettside
___________________________________________________________________________
Geirr Vetti Trygve Lerum Kjell Einar Ormberg Anne Lise Aasen Hans V. Bringebøen