Om Luster Sogelag
Luster Sogelag vart skipa 5. april 1977. Luster Sogelag vil arbeida for at kunnskap og historie frå fortida kjem til nytte og blir kjend, med og for framtida.
1977skipa 5. april
Gaupne – Fortunpå begge sider av fjorden
250 kri året for medlemskap
Formål
Kvifor sogelaget finst
«Laget har til formål å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samla inn og ta vare på alt som er av verdi for Luster kommune si historie og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.»
Frå § 1 i vedtektene · Les alle vedtektene →
Arbeidet vårt
Dette gjer me
01
Møte og kurs
Årsmøte, foredrag, kurs og ekskursjonar for alle som er interesserte i lokalhistorie.
Kva skjer → 02Samlar og tek vare på
Munnleg tradisjon, stadnamn, fotografi, målføre og musikk frå bygdene i Luster.
Utforsk tema → 03Gjev ut årbok
Lokalhistorisk årbok for Luster, i samarbeid med Luster kommune.
Sjå årbøkene → 04Samarbeid
Samarbeider med skular og andre historielag, og er tilslutta Landslaget for lokalhistorie og Sogn Historielag.
Sjå skuleprosjekta →Folka bak
Styret
Geirr VettiLeiar
Hans Vigdal BringebøenKasserar
Kjell Einar OrmbergStyremedlem
Trygve LerumStyremedlemALAnne Lise AasenStyremedlem
Bli med
Ver med og ta vare på historia
Som medlem støttar du arbeidet med å samla og dela lokalhistoria i Luster.