Snøskreda på Bøen 1868

Tekst: Bjørg Hovland

Fortalt og nedskrive etter Ingeborg Kristensd. (Bringebø) g. Berge (1834–1903) og Johannes K. Dale Stuppelshaug (1847–1937).

Astor Furseth: «Skredulykker i Norge», Tun forlag.

Ingeborg K. Berge:

«I gamal tid gjekk det ei segn om at det skulde koma ei isfaar eller snøskreda frå fjellet aa ta heile Bringe.

Det som no heiter Bøøn var dengang med husi sine på Bringe, dei stod nederst på den flaten so heiter Tunaakeren. For å sikra seg mot denne ulukka flytte dei husi sine inn på den knubben so kaldest Bringebøen. Kristen Olsøn levde der trygt og godt. Hans stedfar, lensmann Hans Urdahl, var det som fløtte på husi.

Då Kristen Olsøn og kona var døde, var det eldste sonen Ole Kristensen so styrde garden berre ei kort tid, 12 år, – so var ulukka ute.

8. februar 1868 kom mølskreda, – ikkje på Bringe, men akurat der dei hadde flytt husi til. Det var om morgonen i 8-tida.

Den einaste dottera, Johanna 11 år, stod inne i stova og paste seg ny kjole; då kom under-budeia aa ropte: «no maa du koma, søya di ha lemba!». Ho sprang frå skreddaren og bort i fjøsen.

Eit øyeblikk etter kom skreda, – ho tok alle uthusi, – dei to stovene stod att, den eina på skakke.

Dei fann att dotteri Johanna med søya i fanget, budeia med vass-bøtte og vassele på heradn. Ho var søster aat kona, og underbudeia med eit lauvrisfang.

Det var tvo kara på laaven, den eine braut lårbeinet. Mannen på garden blei løft av lufttrykket og kasta nedom stovehuset. Ein svart sau sprang vetlaus oppå skreda.

Alt blei drebt, untagen 4 hester so dei fekk støtte ut til Bringe.»

Prest, og prost, i Luster på denne tid var Lauritz A.J. Hald. Ein av husmennene i Langeteigen rodde presteskyss, og han fortalde til alle som ville høyra, om då prosten fekk eit syn ein gong dei sat i båten utpå fjorden.

Han ropte ut: «Herre min Gud – la det ikke skje …!» Han «såg» skreda koma.

Johannes K. (Dale) Stuppelshaug:

Frå plassen Hammarslott, var 21 år og i skreddarlære hjå Hans Halveg Skildum. Denne dagen var dei på Bøen og sydde. Skreddaren stod på dørhella.

Eldste bror til Johannes, Anders, var dreng på garden og var på låven og barde korn. Johannes stod ved beitasida og snakka med broren som dreiv å kasta opp kornbandi då skreda kom.

Det hadde snøa i eitt, dag og natt i tre heile veker. So kom mildvær og vind og den 8. februar losna ei skreda oppi Jagershaug-skårane som sopte nedover mot husi på Bringebøen. Dottera på garden og budeia var i fjøsen.

Alle beist vart sopte med, men då det leid på dagen kom ei svart søya springande oppatt.

Jentongen på garden og budeia miste livet. Den siste stod i døri med eit høyfang.

Anders vart fyrst greven fram med ein broten fot. Johannes braut eit kragebein og spaden tok ein del av øyra hans då dei grov han fram.

Han rekna 8. februar som andre fødselsdagen sin.

Gravminnet

Gravminnet etter dotter på Bøen, Anna Johanna 1857–1868, smijarn-krossen med tavle «Barnet er ikke dødt men sover», stod på kyrkjegarden inntil det vart for trongt.

Det kom krav om nye mål. Men utviding av kyrkjegarden tok si tid, difor måtte ein del av gravstøttene flyttast/slettast. Jarnkrossen hamna i sjøen som så mange andre, og kommunearbeidarane hadde brukt den som søkkje på ein ledning. Dette var observert av kyrkjetenaren Alfred Langeteig, som kjende «folk og forhold» godt.

Etter samtale med slekta, prest og kyrkjeverge, fekk han teke oppatt krossen, pussa og stelt den, og sett den oppatt ved Dale kyrkje.

Der står han i lag med gravminne etter besteforeldre, ei tante og ein onkel.

Skredulykker i Norge

I boka «Skredulykker i Norge» av Astor Furseth, Tun forlag, er Bø-skreda nemnd:

«Dette var bare begynnelsen. De neste dagene gikk det skred nesten alle steder. Den 8. februar ble garden Bringebøen i Luster totalskadd av et uvanlig stort snøskred, og tre mennesker omkom og to ble hardt såret. Fjøs, låve og stall ble knust. 13 kyr, sauer og griser strøk med. I året 1800 hadde man flyttet dette tunet bort fra de andre brukene på Bringe fordi det var spådd at et snøskred ville ta hele Bringe grenda. Men i 1868 kom skredet nettopp på dette nye stedet Bringebøen, mens de andre gardsbrukene klarte seg.»

← Fleire saker om folk

Forrige
Forrige

Bygdabøkene for Luster