Då Dalsdalen Santallag vart skipa

Tekst: Ragna Aud Leirmo

Skjærtorsdag 18. april 1935 var det liv i tunet på Bringe i Luster. Bonden Hans T. Bringe og emissær Johannes Skåsheim frå Balestrand gjorde klar høyvogna. Spisssleden vart lagd oppå, og truleg var det gamle Borken som vart spent føre. So bar det i veg mot Kilen, fremste garden i Dalsdalen, nær ei mil med hest i vårløysinga.

Eit stykke fram i dalen møtte dei snøføret. Då sette dei att høyvogna og køyrde vidare på spisssleden.

I Kilen var det samlings- og oppbyggingsmøte kl. 12. Etter middag måtte dei vidare, for kl. 17 skulle det vera møte hjå Kari Åsen, om lag 7 km lenger inne i dalen. På dette møtet vart Dalsdalen Santallag skipa.

Olav Listou vart den fyrste formannen, Brita Tubbene nestformann og postbod Jan Sage kasserar. Brita og mannen hennar, Johannes Tubbene, var med i laget alle år sidan, og Johannes var formann i 15 år.

Portrett av misjonær Lars Olsen Skrefsrud, 1882

Lars Olsen Skrefsrud (1840–1910) frå Fåberg skipa Santalmisjonen saman med dansken Hans Peter Børresen i 1867. Foto: Daniel G. Nyblin, 1882 / Nasjonalbiblioteket.

Kvifor santalane?

Santalane er eit folk i India, med eige språk og si eiga tru. Misjonen blant dei vart starta i 1867 av nordmannen Lars Olsen Skrefsrud frå Fåberg og dansken Hans Peter Børresen. Skrefsrud lærte seg språket til santalane, og heime i Noreg vart han godt kjend. Folk kjende seg knytte til «vår misjon i India», og det vart skipa santallag i mange bygder. Laga samla inn pengar og bad for arbeidet.

I Luster kom fleire av laga etter vekkinga som gjekk over Lustrabygdene i 1932. Johannes Tubbene var ein av dei som vart omvende då.

Misjon i trange tider

Det var trange økonomiske tider i 1930-åra, og det var ikkje dei store summane som vart sende. Men laget heldt møte rundt om i heimane, både i Dalsdalen og nede i Luster. Slik vart ordet delt, misjonsgløden halden ved like og gjevartenesta praktisert. I gåvelistene i bladet Santalen for 1939 står «Dalsdalen santalfg.» med 100 kroner. Same året står òg mange andre lag i Sogn på lista, mellom anna i Mørkridsdalen, Fjærland, Ortevik og Fresvikdalen.

Til samanlikning tente ein industriarbeidar om lag 1,50 kroner i timen i 1939, og ei tenestejente på ein gard fekk gjerne berre nokre hundre kroner i året. Det seier noko om folka i Dalsdalen at dei samla så mykje til misjonen, sjølv om mange av dei hadde lite.

50 år etter

I april 1985 heldt Dalsdalen Santallag 50-årsfest i Luster bedehus. Med var formannen i samskipnaden, sokneprest Terje Johnsen, Torstein Lindborg og songarar frå Kaupanger, og både sambygdingar og utanbygds var velkomne.

Laget var framleis aktivt fem år seinare. I oktober 1990 var Dalsdalen Santallag lokalt vertskap då Sogn Santalsamskipnad heldt den årlege «samskipnadsstemna» i Luster. Laurdagen var det medarbeidarsamling, årsmøte og misjonsfest, og sundagen nattverdgudsteneste i Dale kyrkje, fellesmiddag og avslutningsmøte i bedehuset.

Då Johannes Tubbene vart gravlagd frå Dale kyrkje i november 1996, 96 år gamal, gav familien høve til gåver til Santalmisjonen. Det kom inn 3028 kroner.

Santallaga stod ikkje åleine. Dei høyrde til Santalmisjonen, og laga i Sogn var samla i Sogn Santalsamskipnad. I 2001 gjekk Santalmisjonen saman med Indremisjonsforbundet og vart Normisjon. Dei lokale santallaga vart då ein del av Normisjon, og det er Normisjon som i dag fører arbeidet deira vidare.

Veit du meir?

Har du bilete, protokollar eller minne frå Dalsdalen Santallag, eller veit du kor lenge laget heldt fram? Då vil sogelaget gjerne høyra frå deg. Ta kontakt.

Kjelder: «No, 50 år etterpå», Sogn og Fjordane 10. april 1985 og Sogningen 9. april 1985 (signert J.D.); annonse i Sogn og Fjordane 10. april 1985; Sogn og Fjordane 1. oktober 1990; minneord over Johannes Tubbene, Sogn Avis 20. november 1996 (signert J.D.); Santalen 1939. Alle via Nasjonalbiblioteket, nb.no.

Neste
Neste

Strandsitjarane i Osen