Stadnamn

Stadnamna er viktige kulturminne som fortel mykje om levemåte, natur og arbeidet i tidlegare tider. Viss ikkje namna blir nedskrivne, går dei fort tapt.

I gamle kart og dokument finn me ofte stadnamn som er ukjende i dag, for å få rett forståing er det viktig at opplysningar om dei gamle stadnamna finst ein plass. I notid kan det og vera kjekt å ha denne informasjonen når me er ute og ruslar i naturen.  

Ei stor og viktig stadnamn-innsamling står stadnamngruppene til sogelaga i Luster bak. Arbeidet med å gå gjennom, supplera og kartfesta gamle samlingar starta i 2002. Dei fleste namna frå Luster kan me no finna  gjennom nett-tenestene til Fylkesarkivet. I heile Luster kommune er det registrert kring 20 000 namn. 

Previous
Previous

Kurs, skule og utdanning