Namn nær og omkring vegen Fortun – Dølefjellet til Lom

Kjentmann Per M. Optun fortel

Dølefjellet er namnet som vart brukt av Fortunsdøler og Bøverdøler om fjellovergangen frå Fortun til Lom. Namnet Dølefjellet er framleis i bruk  den dag i dag.  Nytt namn vart etter kvart Sognefjellet.  Gudbrandsdølene skulle til Sognefjorden og vidare gjerne til Bergen, og nytta etter måten denne vegen mykje meir enn sogningane gjorde hinvegen.  Reisa over fjellet kunne vera farefull, været kunne fort snu om. Gudbrandsdalen sin eigen Snorre Sturlason, Ivar Kleiven, skriv slik om farane ved å reisa over Dølefjellet  i gamal tid:  ”Fjellviggja mellom vestlande´ og Lom gøyme på beine åt mangein som miste live i skodde og styggvær, som fraus i hel, hell som kanskje fall for mordarhand”. Ei fæl ulukke skjedde i fylgje kyrkjebøkene i Lom i 1813.  I 1812  var det uår med dårlege avlingar og nauda var stor utover vinteren 1813. 6 lomværingar med hestar reiste vestover for å henta byggmjøl i Luster. Eit ofseleg uvær ramma dei, og heile fylgjet miste livet. Landevegsrøvarar og fantar vart og ei plage, det seiest at plaga vart så stor at Lomværingar og Lustringar vart enige om å reinska fjellet for fant, dei starta frå kvar si side og møttest under Fannaråki. To fantar som dei hadde fått tak i vart hengde i jernkrokar som dei slo inn i fjellet.  Plassen fekk namnet Galgeberg.

Dråphillar og Dråphillarstegen og litt av Fortunsstegen. Når bilvegen over Dølefjellet vart bygd brukte dei fyrst “gamlevegen” på delar av strekningen. 1937. Fotograf Ole Yttri.

Dråphillar og Dråphillarstegen og litt av Fortunsstegen. Når bilvegen over Dølefjellet vart bygd brukte dei fyrst “gamlevegen” på delar av strekningen. 1937. Fotograf Ole Yttri.

Namna på dei  ulike svingar, strekker, vatn og tindar mm er kulturhistorie. Genetivs s er i bruk i dialekten vår, og går att i mange av namna.  Per M. Optun som truleg er den som i dag har best kjennskap til denne vegen og namna i kring har utarbeidd denne oversikten.

Per M. Optun brukar namna som dei gamle i Bergsdalen og Fortunsdalen brukte, til dømes Dølefjellet.

Aust for fjellet brukte dei namnet Sygnefjellet når dei skulle vestover til Bergen. (Kjelde:Ivar Kleiven: Lom og Skjaak).

I denne oppdateringa har han nummerert dei skarpe svingane opp til fjellet. Fossane som er synlege frå vegen har han markert med feite typar og kursiv.

I anleggstida kom det til ein del nye namn som ikkje har historisk tilknytning. Dei brukar han ikkje.

Fortunsgaldane . Gald , veg i vanskeleg terreng, mykje brukt i bygdene i Lom og i Fortunsbygda. Berga opp frå Fortun med fleire slike stegar.

Bergselvi/Bergsfasta går frå Jessingane og nedover. Namnet Bergsfasta vart brukt av alle gamle i dalen. (Jfr. Grandfasta og Gjertfasta).

1. Skjorasteinssvingen. Første svingen frå starten i Fortun, går til venstre mot Bakken.

Bakken. Bustad til Svendsøy og ein gamal bustad til høgre bortanfor.

Jessingadn 1937. Fotograf Ole Yttri

Jessingadn 1937. Fotograf Ole Yttri

Tverrvegen. Etter Bakken, huset til Svendsøy.

Lovollen. Går til venstre ned til Bui og Turiststasjonen Øyene.

Fortunsstegen. Tek av frå vegen til høgre

Dråphiller. Tek av vegen til høgre etter Fortunsstegen

Dråphillarstegen. Tek av frå Dråphillar mot høgre, kjem oppatt før Fortunsstegen.

2. Skagasvingen. Over Skagen og går skarpt til høgre. Også andre namn på denne.

Jessingadn  fotografert i 1912 eller før. Fotograf Stende.

Jessingadn fotografert i 1912 eller før. Fotograf Stende.

3. Dråphillarsvingen. Vegen går skarpt til venstre.

Glanskleivi Med skarp sving til høgre. Mykje øydelagt av vegbygging.

4. Glanskleivsvingen Til venstre dårleg sti mot Bergsfasta.

5. Bergsfarssvingen. Fortunsstegen kjem opp att i møte her med vegen frå Dråphillar og Dråphillarstegen. Mykje av den gamle flotte vegsvingen under berget er øydelagt under vegbygging..

Nipene. Lokalt Nipedn, Mange jettegryter. Fleire er øydelagt etter vegbygginga.

Bergsgardane. Startar med Haugen, Jangarden og Innigarden på lokal sjargong.

Vetlabrui, Ileggsgrovi og Hjortagrovi kjem ned her.

Kvednoladn. Gammalt gardsanlegg som vart fråflytta tidleg. Mange tufter etter bygg.Det finst gamalt bilete. Olla gjekk frå Kvdnollagryta og fossen ned til kverna som stod nedanfor Storebrua. Kvernhuset sto til for få år sidan, Gamal badeplass murt opp ved Kvednolla.

Storabrui.  Brui over Bergsfasta. Vegen fortset til venstre

Løberg. Mindre gard på venstre sida.

Kvei. Småbruk eller plass på venstre sida.

Øvland. Den korrekte gamle uttalen var Øvland , Har vorte feilaktig til Øveland.

På høgre sida, men kjem frå bruket Øvland etter Nausasvingen.

6. Nausasvingen. Skarp sving til høgre. Til venstre Nedste og Øvsta Reset.

Skaganåli. Spiss stein mellom resa. Nær gamal steg ned til Skagen.

Hurrakeip. Same namn finns m.a. i Årdal. Nær Porsmyri.

Porsmyri. Vegvesenet har fylt masser over ved utviding av vegen.

Syndi. Vegvesenet har bygd ein ikkje ufarleg rasteplass, kan komma på kollisjonskurs med bilar som kjem andre vegen. Same namn finns i Årdal.

Optunsteigen. Bebyggelse på begge sider av vegen.

Plassen. Frå Optun II, På venstre sida. Teigane og Steintun på høgre sida.

Oftunsfossen.  Det blir stadig bygt ut nye kraftverk, og denne blir stort sett borte.

Optun (Oftun). Gard med tidlegare stort tun og skysstajon. Endra namn til Opptun frå Dansketida av.

Oftunsbøen. Mot Bøfossen.

Øy. Før Bøfossen der elva deler seg og dannar ei øy.

Bøfossen. Blir øydelagt pga. ny utbygging.

7. Bøsvingen. Skarp sving til venstre.

8. Oftunssvingen. Anleggsveg ut gjennom lia til Øtlingane og Sletthaug. Skarp sving til høgre.

Sleipestein. Stor steinblokk på venstre sida av vegen ved kurven mot Egg.

Eggsmarki. Eggsfossen Slåttegjerder og gamle stølstufter til gardar i Bergsdalen. Flott gjerdemur mot fjellet .

9. Spreklesvingen og Spreklefossen går til venstre nedanfor Spreklestølen, mot Egg att.

10. Eggsvingen. Går skarpt til høgre mot neste som er Spreklegrovi og Spreklehola.

Vetlegalden. Gamal veg i denne galden er framleis synleg for lokalkjente.

Dokki/Dokkamarki. Støl ned mot elvi, men også ein oppe i marki.

Dokkafossen. På høgre sida.

Steigsselet. Nyare namn på gamal støl nedanfor Heilbakken. Mykje spøkeri her.

Heilbakken Gamal sagntilknytning om ras som tok ei fedrift. Heilebakken er feil!

Storaskåri. Mot høgfjellet til venstre.

Simogalden/Simoli. Djupt gjel og foss. Høyhillarar opp i Simoli. Namnet Simoa finns også i Hardanger og Sigdal og har truleg same tyding.

Fossagalden. Vegen frå andre sida (Farningane) kom hit her. Godt synleg på andre sida av Simogalden, men farleg bratt. Bør lese historien som Hans Gude skreiv i sine memoarar.

Ringshola. Nedsida av Ringsknubben. Vegen går så opp til Ringane.

Ringsbrui. Riksvegen kryssar denne etter ”Smedhytta”

Storhaug. Bjørkeli. Gamlevegen gjekk på Jessingasida av dalen.

Huskohammaren. Hammar og foss ved brua nedanfor Turtagrø.

Turtagrø. Gamal støl til Berge og turiststasjon. Fjellturten veks nær her. Det finst også eit Kvanngrø, men er ikkje synleg frå vegen.

Glytthaug. Har ein varde på toppen.

Glytthaughola. Går heil opp til det som Vegvesenet har omdøypt til ”Nedre Oscarshaugen”.

Reset. Ser derifrå innover i Heljedalen. Blir ofte kalla nedste Reset.

Heljedalen /stølen på høgre sida. Elva meandrerer kraftig og dannar nesten ei helje. ”Helje på eit børatog”. Kjem truleg av jordrotasjonen (Corioliskrafta).

11. Heljedalsvingen. Gamal taubanestasjon for transport til Fannaråken. Skarp sving til venstre.

12. Turtagrøsvingen. Flott utsikt. Skarpt mot høgre.

Dølemyrane Reinsslakteplass først,

Gamle stølstufter som ikkje er beskrivne i litteraturen.

Rystølen og Rystølsnosi. På venstre sida. Lengre vest Jessingadalen med gamle stølstufter.

13, Øvsta Reset. Skarp sving til venstre (nytt og dårleg namn er Nedre Oskarshaugen)

” Nedre Oscarshaugen” Sjå ovanfor.

Oscarshaugen. Etter prins Oscar si ferd over Dølefjellet. Ein del stoff i NAF si vegbok. Prinserommet og begge dei to husa på den gamle skysstasjonen på Optun er tidsvitne.

Dølehamrane. Riksvegen fortset oppe på desse hamrane. Gamlevegen går nær ved på venstre sida.

Huldehaugen. Ikkje alle veit kva for ein haug som er den rette, men til venstre.

Juvvatnet/og Osen. Heimanfor Juvvasshøgdi/Galdebergshøgdi. Blir heilt feil kalla Djupvatnet, det er ikkje spesielt djupt, men ligg i eit juv.

Juvassbukti. Elvi frå Heljedalsnåsi kjem ned her, så elvi frå Steindalsslanen.

Fremste Juvasshøgdi. Nokre gamle kalla det også heimste Galdebergshøgdi.

Galdebergstjørnane. Sjå neste.

Galdeberg. Kodlete Henrik vart hengt her, men det burde derfor kanskje heitt Galgeberg. Sjå i Olav T Kvaale: Gamalt frå Lom side 62, Fylkesarkivet i Sogn og Fj. kallar han Kolbotn. Henrik.Kodlete betyr botete for eks. kodlete ku. Han var truleg mishandla av mora som vart kalla ho øyrelaus-Kari. Men dette er ein lengre historie.

Fremste Galdebergshøgdi. Før det går nedover til Herva. Gamle vardar viser vintervegen til høgre. Vardane vart murt av Per M. Optun sin oldefar Ola Berge (seinare Søvde).

Herva Nedste Hervavatnet og øvste: Herva av gno herd som betyr skulder. Skuldera der dei vadde over elva. Synleg når vatnet er nedtappa. Fleire kjelder, mellom anna tidlegare statsarkivar Lars T. Ekre. Hervabua der mellom anna Saussbonden og Ibsen overnatta i uvær.

Korpabakken. Bakken frå Herva og opp mot Korpen.

Korpen. Høg fjellnabb på høgre sida. Vegvesenet har sprengt vekk ein del. Utsikt mot Fannaråkbreen og Smørstabbtindane.

Steindalsnosi. Høgre sida mot Fannaråken men litt lågare,

Storfonni. Største snøfonna på fjellvegen over Dølefjellet.

Prestesteinsbakkane. Gamlevegen går i ”berg og dalbane”.

Prestesteinsvatnet. På høgre sida. Stor dam (Hydro) der elva går ned til Hervavatnet.

Prestestein. Historisk stad, men forskjellige historiar både frå Bøverdalssida og Fortunsdalsida. Men her møttest dølene frå begge sider av fjellet.

Midtfjellselvi. Fylkesgrensa mellom Vestland og Innland, i Lom kalla for Mefjellselvi. Til høgre for elvi vardar som er minne om dei som fraus ihel då dei skulle hente korn i Luster etter uår austpå. Turistar har tukla med vardane og murt mange som derfor øydelegg mykje av dette minnet. Anleggsveg til Storavatnet går til venstre rett forbi.

Rauskjølselvi. Elva som går aust for Midtfjellselvi. Historien fortel om gamle bonden på Saue som i uvær berga livet med å drepe hesten for å krype inn i skrotten. Nokre brukar namnet Rausfjellselvi, men Per M. Optun har namnet etter gamle fjellfolk.

Tekst av Ragna Aud Leirmo.