SIGURD FJØSNE (1887-1974)

lærar, målreisingsmann, folkeminnesamlar, kulturformidlar

thumbnail_Sigurd Fjøsne på talarstol 17.mai. 001 (1).jpg

På tampen av frigjeringsåret kan det høva å ta fram ei hending som fåe kjenner til etter kvart. Ei mengd folk var samla i prestegarden på Dale i Luster då Sigurd Fjøsne kom heim frå krigsfangenskap. Han var ein av dei mange som vart med på lærar-deportasjon til Kirkenes i 1942 og sat seinare i tysk fangenskap på Grini. Ei tid han snakka lite om,- sjølv om han snakka mykje og hadde meiningar som høyrdest! Luster ungdomslag tok initiativet og unge, sterke menn bar Sigurd Fjøsne på «gullstol» opp dei vel femti trappetrinna til Stuppelshagen der bygdefolk gjorde stor ære og stas på han. Sigurd Martin Ottos. Fjøsne bør bli hugsa for meir enn dette.

Han voks opp på Fjøsnane som den sjette i ein syskenflokk på ti. På biletet står han som nr. 2 frå høgre. Mora Brita var frå Høyheim. Ho var ei gåverik kvinne som lærde ungane sine mange viser og regler, attåt alt det andre som ei mor kan. Då Sigurd vart vaksen, takka han nei til å få sin del av jord på Fjøsnane. Fleire av brørne bygde hus og heim på den etterkvart oppdelte garden. Sigurd reiste ut, tok eksamen på Stord lærarskule i 1911, og gifte seg i 1914 med slektningen sin Anna Kirstina Fjøsne frå Ottane.

Som nygifte i budde dei i Folldal der han var lærar 1914-16. Begge var aktive m.a.i fråhaldsrørsla der. Etter eit par år i Landvik ved Grimstad, kom dei så attende til Luster i 1918. Dei budde i skulehuset på Fladhamar fyrste åra, til dei pakta Løslette(Løvolden) hjå fam. Brathole og budde der til dei i 1925 bygde dei sin eigen heim i Kvisli (kalla Kvitli), like ved. Huset står uendra idag og er ikkje ombygd. Det vart i Fladhamar skulekrins han hadde sitt liv som lærar, frå 1917 til han gjekk av med pensjon.

Kirstina var ei vakker kvinne og ei dugande veverske. Ho heldt mange vevkurs og fekk fleire utmerkingar. Ho døydde i heimen 1962, Sigurd døydde på Luster sjukestove 1974. Dei hadde ikkje barn.

Otto O. Fjøsne og kona Brita med dei ti borna. Sigurd nr. 2 frå h..jpg

Sigurd Fjøsne var ein markant føregangsmann i så mangt. Kirstina, med all sin kunskap, kom litt i skuggen av han. Frå ungdom av var han interessert i målreising, ungdomslagsarbeid og husflid, og levande oppteken av alle typar kulturminne, song og forteljing. Han hadde syn for gamle saker, både store og småe, harde og mjuke, tok vare på og samla inn til De Heibergske samlingar Sogn folkemuseum, folkeminne av alle slag. Det er ikkje få saker i museet sitt magasin som har Sigurd sitt namn.

Han likte å snakka med folk som hugsa frå eldre tid og kunne fortelja. Han var ein ivrig brevskrivar og skreiv fleire artiklar om læraren og fjellmannen Hans Vigdal. At Vigdalsloftet kom til Sogn folkemuseum kan me takka han for, og han hadde sers god kontakt syster hans Marta. Skogreisings-saka hadde dei felles. Han ivra for at vottane som Marta strikka skulle kallast lustravotten, for ho dreiv som ein førskule for bygdeborna, noko Fjøsne såg verdien av. Votte oppskrift og historie om Marta står å lesa i mag. BUNAD nr.1/2011. Utan samtykke frå andre, etter at ho var død, fekk han namnet til Marta inn på bautaen som Sogn lærarlag hadde sett på grava til Hans Vigdal(1855-1903) på Dale kyrkjegard,- men då vart det bråk! Namnet hennar vart fjerna og sett på ein naturstein like ved broren sin bauta.

Sigurd kunne så mange songar, viser og vers han lærde av mor si og av andre. Mykje av det er nedskreve og festa til lydband i NRK sitt arkiv og fylkesararkivet.no.

Jenta song: -alder so vil eg jifta meg
trur eg, trur eg
før da e no te å selja seg
da trur no eg.

Eller den som Krudlalaget syng så ofte idag: - Røysekatt, røysekatt kå lika du deg......

Han tok initiativ, var uredd og direkte. Han skreiv dikt og songar, heidra dei som hadde gått bort med fyldige minneord, hadde innlegg i lokalaviser, i Norsk Barneblad, Kyrkje og Heimbygd og i julehefter. Ikkje minst var han ein mykje etterspurd talar på stemner og på 17.mai.

Skuleungane i Fladhamar var alltid tidleg ferdige med det «offisielle» programmet, for alltid skulle Sigurd vidare for å halda tale for dagen i ei onnor bygd. Bil hadde han ikkje. Juletrefestane som Fladhamar skule hadde i ungdomshuset Markstein var spekka med program. Me i Dale krins hadde eit enklare program i bedehuset, så me misunte dei litt...

Sigurd var også leiar i Vestlandske kjøpstemna i mange år, ei stemna som synte eit vidt spekter av husflid og heimeyrkje. Såleis var han vert i Høyanger då kronprinsparet i 1933 var på si fyrste offisielle reise på vestlandet. I 10 år var Sigurd Fjøsne leiar i Sogn ungdomslag og var ein av initiativtakarane då Sogn ungdomslag fekk reist minnesteinen over oberst Henrik Angell på Kvåle i Luster, samt eit gips-avstøyp av han i ungdomshuset Markstein.

Henrik Angell(1861-1922) voks opp og budde på Kvåle i Luster til han var ti år og han gløymde aldri heimygda. Angell var føredøme i både skisport, forsvar, målsak og frilynt ungdomsarbeid. Bautaen står ved Luster omsorgsenter, der den alltid har stått, på Kvåle sin grunn, men vegen er er omlagd. I Holmenkollen står Angell i heilfigur på sokkel, som ein av tre, i godt selskap med kong Olav og Fritjof Nansen. Les gjerne boka av Roy Andersen: Henrik Angell- en nordmann på tvers.

Sigurd+Fj%C3%B8sne+med+isstav+.jpg

Sigurd hadde omsorg for, og stod Dale kyrkje nær heile livet. Den fyrste brosjyra og heftet om kyrkja var hans verk. Han heldt mange kåseri om kyrkja og om«brurabenken». Det vart også mang ein «akkedas» med Bergen museum om saker som han meinte høyrde heime i kyrkja og i bygda istaden for å liggja på magasin i byen. Han sette av pengar for å få att kyrkja sin døypefont i kleberstein som han meinte stod på Bergen museum. Soga med døypefont løyste seg og står å lesa om i boka – DALE KYRKJE- Kyrkja, Folket og Bygda. I samråd med Einar, siste gjenlevande bror, vart pengane istaden nytta til kyrkjetekstilar i Dale kyrkje.

Sigurd var glad i å fortelja historiar, han song mykje og han hadde eit godt minne. Eit døme er denne fint utkrota staven som han syner fram. Han fortalde at dette er ein «is-stav». Når fjorden var islagd, og det er den ofte i indre strok-, var skeising populert. På Lustrafjorden kan sjøisen dei verste vintrane liggja frå oktober til april. Både unge og eldre, karar helst, men også jenter, hadde moro av å skeisa, (når dei hadde tid). Dersom det var ei jente guten lika sers godt og gjerne ville ha lag med, ordna han det so at dei heldt i kvar sin ende av denne staven og skeisa iveg.... Og skeisene var ekta gode, laga i Feiga(Feigum) av «Feige-smeden» Sjur Berge.

Julesalmen som Sigurd Fjøsne skreiv kom på trykk i Joletre Norsk Barneblad sitt julenummer i 1928: Tone: Kyrkja ho er eit gamalt hus.....

Jesus som barn til templet kom
fylgde si mor og sin fader
gjekk til Gud hus og herlegdom
fram millom bedande rader.
Varmt vart han gripen, Gud var nær
Jesus, Guds son var heime her,
hit var det alltid han stunda.

Lat meg som han i kyrkja gå
vinna meg visdom og sæla
fær eg hans rike kjærleik å sjå
slepp eg å ottast å fæla
Kyrkja ho tok meg mildt i famn
viser meg veg til himelhamn
fylgjer meg dagstøtt på ferdi.


Tekst: Bjørg Hovland

Den gamle vegen

Den gamle vegen er vel rar

han snur seg fram i berg og skar.

Det meste er no burte ratt

men ein og annan stubben att.

Her rann ein bekk, her var ei bru

kor lenge har dei vada tru?

før enn han kom den sterke mann

som stein og stød til brui fann.

Eg sat ved vegen oppi li

og tenkte på den gamle tid.

Om deira liv og deira kår

som kom og gjekk frå år til år.

So mange hugskot her dei fekk

dei grov og bygde alt dei gjekk

Når vollen dyrka er og snudd

i tankane han fyrst vart rudd.

So mang ein floke greidde seg

når fyrst dei kompå ferdaveg

Kvar veg og steg i landet vårt

har lært oss til å tenkja klårt.

Ein filosof, ein åndensmann

på sine tanketrådar spann.

Ein diktar med sin versefot

fekk vengjefang og tru og mot.

+++

Her kom det glade bryllaupslag,

her for dei og den siste dag.

Det ljoda både lått og song

og tåra tipla mang ein gong.

Her er ei tuft, her stod ei hus,

no er det berre røys og grus

med bringebær og geitarams,

og hatlekjørr og natahams.

Her var det bygt ein kvilestad

som gjorde mang ein stavkar glad.

I myrke kveld og styggevær

dei fann seg ly ved åren her.

Ei liti stova, låg og trong

og meir enn fullsett mang ein gong

Då gjekk det vilt med kjøp og sal

og segn og soge utan tal.

So titt dei unge møttest her

og slost for den dei hadde kjær.

Og segni gjeng om ran og svik

med mannefall og løynde lik.

+++

Småborni leika her og sprang

og song og stulla dagen lang.

Tok sidan ut frå far og mor

det vart for trongt rundt heimebord.

Når vintren kom med snø og is

dei tok seg fram på ymist vis.

Igjenom skog og ur det bar

med ufs og stup og bekkefar.

So kom det ned ein drevskavl-sprut,

heilt oppe frå den høge nut.

Ned over vegen skreda rann

og tok so med ein ferdamann.

Stav og skreppa såg dei att

men mannen han var borte,ratt.

Slik mangen ein sin lagnad fekk

Ein fann dei att då snøen gjekk.

Å fekk me sjå dei ein for ein,

som gjekk og steig på stuv og stein,

den bør dei bar, det tak dei tok,

det vart for oss ei sogebok.

Sigurd Fjøsne til høgre, lærar.

Sigurd Fjøsne til høgre, lærar.