Bryggjehuset på Skjolden  Restaurert etter initativ frå Luster Sogelag i 2006. Bygd om lag 1800. Vart nytta som “telthus” (lager) av det militære. Stod i Luster nær ekservollen. Vart flytta til Skjolden om lag 1880. Vart her nytta til butikk, dampski

Bryggjehuset på Skjolden

Restaurert etter initativ frå Luster Sogelag i 2006. Bygd om lag 1800. Vart nytta som “telthus” (lager) av det militære. Stod i Luster nær ekservollen. Vart flytta til Skjolden om lag 1880. Vart her nytta til butikk, dampskipsekspedisjon, bustadhus og lager.

Turkehus for torv, Ringane ved Turtagrø

Torv vart funne i myrane i nærleiken av Torvhus. Etter turking vart torva brukt som brennfang i staden for ved.

Løa på Hunkast, Dalsdalen

Utløe for oppbevaring av høy. Høyet vart som oftast bringa til gards vinterstid med hest og slede.