Me ungane og leiken
Tekst av Kristina (Stuppelshaug) Øygarden, tilrettelagt av dottera Bjørg G. Hovland
Ingen ungar har vel hatt finare barndom enn me på sanatoriet (bortsett frå litt sjukdom då).
Det var eit eldorado med så mange opplevelsar og hendingar ein aldri kan gløyma. Berre tenk på kinomatografen! Kven andre fekk oppleva det på 1920-talet i Luster?! Det kom regelmessig små filmar som maskinisten synte for pasientane. Me var dei fyrste som fann oss plassar på filmbordet ved maskinisten sine føter. Der hadde me god oversikt over alt som rasa i full fart over lerretet. Og lukka var so stor at ho ville sprengja oss av fryd!
Lommekjende var me alle stader, både høgt og lågt. Kor snille tenarane var som let oss få vera med både i arbeid og fritid. Me fekk ri på hestane, sitja i høylasset, på kokskjerra gjennom tunet, både når den var full og tom. Vera hjå bakstedeiene når dei i dagasvis bakte flatbrød i kjellaren.
For ikkje å snakka om vaskeriet, i rulle og strykebui. Rulla var ein avstor kasse med stein og sand som gjekk av seg sjølv, og letta opp i ymsekvar ende der ein stakk stokkar innunder som klea var rulla på.
Me fekk slå ut handdukar og stryka lommedukar med jarn som var heta på ein vedomn.
Og all moro me hadde om vinteren! Der var alltid so mykje snø. I tunet måtte dei køyra vekk snø i store kassar på langsledar, for kantane vart altfor høge. Me ungane trona på toppen av lassi. Det var så mykje snø under brakketaki at me sat til skrevs over møni og sklei på baken nedover og utover taki. Mor var ikkje bli når me mang ein gong kom heim med utsliten buksebak.
Me hadde eit lite hønsehus oppi skogen og ein liten potetåker. Det hende at me hadde ein gris i hønsehuset og fekk henta avfallsmat frå avdelingane som me fóra med. Me ungane selde egg til dei pasientane som ville ha noko ekstra.
Då bror min var i 12 årsalderen arva han sykkel av Ola-farbror vår, og lenge var det ikkje før han sykla alle stader der oppe.
Me systrene nytta kvart høve til å knabba sykkelen for å læra å balansera med å sitja i råma. Denne årsaki til stadig ufred mellom oss gjorde at far laga oss to fine tresyklar. Dei var temmeleg store på trehjul med bandajarn rundt, breie og stødige. Me sparka iveg på flata og hadde mangt eit kappløp, stelte og smurde dei godt. Ein dag stal me oss avgarde storevegen nedover mot bygdi. Det gjekk strykande og me fryda oss, endå me visste me ikkje hadde lov. Komen vel forbi halvveges, råka me frami ein kyraflokk, og her var det ei olm kyr som sette etter meg som hadde raud kjole. Då vart det ei onnor læte!
Sykkelen hamna langt nedom vegmuren og eg sprang for livet inni ei tett ore-rust og syster mi oppå ein stein. Halve dagen gjekk før me kom oss derifrå,- for ikkje å snakka om kva som venta oss heime etter ei slik utflukt!- -som me sidan vart kurerte for.
Syster mi var so flink at ho skreiv til Anders-farbror i Amerika om dette. Sanneleg kom det sendande 200 kr.til konfirmasjonen hennar, som ho skulle få kjøpa seg sykkel for.
Me hadde også noko me kalla snøskeiser med bandajarn under, som far laga og som me batt på skorne med snøre. Dei gjekk finfint på skaren.
Klede og sko
Mor sydde alle kleda våre fram til konfirmasjonen. Då fekk me ei sydama i huset. Me var heldige her og, for det var fleire doktarfruer som kom og spurde mor, når dei skulle reisa, om ho ville ha avlagde kle som ho kunne sy om. Og ingen var vel finare enn oss! Me hadde blå fløyelskjolar og kvite blondekjolar som mor sydde. Eg hugsar spesielt ein 17.mai, eg gret så - for blondekjolen som eg elska var forliten!
Tjukke, varme utanpå kåper sydde også mor, men verst var det at me måtte bruka heimespøta, stive ullunderbukser som stakk så fælt! Sjølvsagt var sokkane av same slaget, men plent som me var meir herda der.
Ein vår, eg var vel 6 år. Soli steikte, snøen nesten vekke. Syster mi og eg var einige om å kasta buksene. Tok dei av oss bakom taubanestasjonen og hengde dei inni mellom buskene. Buksene var sterkt blålilla i fargen (og so stive at dei stod av seg sjølv!)-Men det varde ikkje lenge før nokon sladra våre sprell,- og slette tid for juling me fekk!
Når me ikkje gjekk berrføtte, hadde me heimelaga sko, ja støvlar , for det var tre sett krokar etter snøringen. Dei var laga av ein skomakar(Hans på Haugane, kjømeistar og bedemann),som gjekk rundt i heimane og var so lenge han trengdest. Var ikkje alltid så triveleg å ha slike sko til kvite kjolar, men slik var det. Mange hadde det verre, kanskje hadde dei ikkje sko...