Løa på Hunkast

Tekst: Bjørg Hovland

Like ved vegen, omtrent halv-veges mellom Tadlagjerde og Kolstad i Dalsdalen, Luster, ligg den vesle timra løa.

Den vesle løa på Hunkast, eller nedste Galda-løa som nokre seier, romma avlinga frå slåttegjerde som ligg bakanfor løa mot elvegjelet.

Det er bruket på Sage 44/5 som eig her, så etter dei var ferdige på heimebøen nede på Sage, gjekk dei opp her og slo og onna.

Det vart ca ni høybørar. Då var løa full. Ni børar med fint turrhøy som anga av ymse vekster og som dei la saman i børatoget og bar inn i løa.

Om vinteren vart det henta med drógekjelke og frakta ned, eller dei brukte løypestreng. Då kunne høyet sendast ned utan slit. Kanskje saman med nokre lauvkjervar, for skogen vart også godt nytta. Som så mange utmarkslåttar har kratt og skog teke over marka også her.

Løa bar preg av alder og lite bruk, men var eit lite landemerke som Luster Sogelag ville ta vare på.

I samråd med eigaren Anton Sage og Tomas Nygård, vart det søkt om midlar for å få sett ho i stand. Sogn og Fjordane Fylkeskommune gav eit tilskot på kr 19.700,- og Tomas Nygård utførde arbeidet i 2004.

FOTO 1: Løa på Hunkast før vøling.

FOTO 2: Bufóring forbi Hunkast. Løa er ny. Foto A. H. Bringe

FOTO 3: Ragna Sage f. 1915, med bjøllekyri Rosekolla på slutten av 1950-talet. Husi på Sage i bakgrunnen. Hesjane står tomme, høyet er kome i hus og Ragna er søndagskledd. (Eigar av foto Ingborg S. Eide).

Løa på Hunkast i vinterdrakt. Foto: Ragna Aud Leirmo