«KONGESTOLANE»
Kronprins Olav og kronprinsesse Mãrtha i Høyanger 1933.
Bileta frå Høyanger av dette besøket, som ligg på fylkesarkivet sine fotosider, vart ei stadfesting på ei forteljing eg har vakse opp med. Det er alltid slik at ein skulle snakka og spurt meir før det vart forseint,- slik er det med alle generasjonar. Difor blir det etter hugse, då eg ikkje finn noko nedskrive. Vestlandske kjøpstemna var i Høyanger i 1933, og Sigurd Fjøsne som var leiar i Vestlandske husflidslag, var aktiv i tilskipinga og heldt velkomsttalen der. Han hadde høyrt om stolane som far hadde laga i Stryn, (kanskje via kona Kirstina som var ei dugande veverske)? «Kongestolane» måtte fraktast heim over Vadheim. Sigurd spurde far om stolane kunne lånast ut i Høyanger så kronprinsparet kunne sitja i dei medan markeringa utandørs stod på.
Bileta frå kronprinsbesøket i Høyanger syner tydeleg far sine armstolar bak kronprinsparet.
Far, Gunnar Øygarden (1910-1993), gjekk to vintrar på sløydskulen i Luster med Torkjell Asheim som lærar. På Bø snikkarfagskule i Stryn var han elev i to vintrar fyrst på 30-talet. Han likte seg så godt, fekk læra alle slag snikkeri og fekk driva med treskjering i verkstaden også på kveldstid ilag med styraren Elling Bø, som var ein drivande flink snikkar.
Det var lang veg mellom Stryn og Luster før Gaularfjellet og tunellane kom. Det tok nesten heile julehelga då far skulle reisa heim over Vadheim. Andre vinteren gjekk han på ski over breen i påska, - i skodda som kom, stod det om livet den gongen.
Biletet av elevane og skulen har eg i hovudet, det hengde på veggen i stova heime,- eg leitar framleis. Ein av kameratane og medelevane var Oddmund Tonning, ein allsidig idrettsmann som vart fylkesmeistar på skeiser i Sogndal som 49 åring. Eg hugsar han var på vitjing til oss. Ettersom eg minnest far fortalde, så var det ein rik engelsk lakselord som hadde kjøpt eit utskore møblement, og dette skulle fraktast over til England, men båten sokk og alt var tapt. Snikkarskulen fekk i oppdrag å laga nytt etter same mal.
Far fortalde at han fekk arbeida på skuleverkstaden om kveldane med sitt eige arbeid. Både han og styraren skar ut og laga kvar sin høgrygga armstol, der heile ryggen var utskoren, inspirerte av det som skulle til England. Far eigde ikkje pengar den gongen, og let seg overtala til å selja den utskorne armstolen for ein latterleg pris, noko han angra på heile livet. Eg hugsar far hadde foto av den, og han prøvde på sine eldre dagar å få spora den opp utan å lukkast. Derimot fekk han kontakt med enkja til læraren som hadde same stolen etter mannen sin, frå då han og far stod jamsides og skar, og laga kvar sin identiske stol. Han fekk kjøpa stolen som Bø laga, og hadde glede av å bruka den i mange år. I dag står den i koret i Dale kyrkje. Far ville den skulle dit etter vår tid, og slik vart det.
Far laga to høgrygga armstolar til seg sjølv, lik dei som skulle til England, trekte med stoff i sete og midtparti i ryggen. Stoffet var 5 cm-breie render i brunt/rustraudt. Dette var fargar i tida. Eg trur kanskje mor vov det på kurs hjå Kirstina Fjøsne. Dei har vorte kalla «kongestolane» heile tid, etter kronprinsbesøket i Høyanger. Ingen me kjende hadde slike stolar i stova si. Han laga også to speglar som hadde form som ryggen. Ein hadde me, den andre fekk faster hans. Desse armstolane og spegelen hadde me i stova heime og eg fekk arva dei. Eg trur ikkje me heilt ut forstod kvaliteten på handverket og far si glede over å ha laga dei.
No er dei omtrekte for fjerde gong. Dei står herskapeleg og kjem til sin fulle rett i prestegarden i Luster. Fint å tenkja på at her sprang far i hus og tun som forpaktarson og leikekamerat med ungane til presten.
Det var ikkje pengar å tena på treskurd i far sine aktive år. Men han fekk ta kunnskapen oppatt som pensjonist. Sat ved kjøkenbordet og skar dei finaste rankar så flisane spratt. Der var godt arbeidslys og varme frå vedomnen. Han hadde stor glede av treskurd og var nøye på at det var djupn og liv i svingar og rankar. Far og mor hadde turar til Hjerleid sine rike handverksutstillingar på Dovre mange vårar.
På biletet syner stolen som no står i kyrkja, og fire klokkekassar, som er ein del av det far skar ut i eldre år.
Av: Bjørg Hovland