Luster Sogelag sitt filmprosjekt

No kan du sjå film frå filmprosjektet til skulane her! I 2021 søkte Luster Sogelag om tilskot til eit lokalhistorisk filmkurs og fekk kr 30.000 frå Landslaget for Lokalhistorie og kr 20.000 frå Luster kommune. Merethe Offerdal Tveit var kurshaldar og ho reiste rundt til fem skular i kommunen og heldt kurs for 5-7. klasse. Klassane samla inn materiale og filma det, og deretter redigerte Merete filmane. Kvar skule laga ein film med lokalhistorisk tema som dei sjølve valde. Det er opp til kvar einskild skule om dei vil at filmen skal liggja open for alle på nett, eller vera passordbeskytta. Filmane frå Gaupne og Hafslo kan du sjå her, medan filmane frå Skjolden, Jostedal eller Solvorn må du spørja skulane om å få passordet for å få lov å sjå dei.

Film frå Skjolden Oppvekstsenter - Historia om saftfabrikken på Lerum. Be skulen om passordet for å få sjå han.

Film frå Jostedalen - Den store Jostedalsundersøkinga,. Be skulen om passordet for å få sjå han.

Film frå Solvorn - Den store brannen i 1946. Be skulen om passordet for å få sjå han.