Driftevegar over fjella i indre deler av Luster
I eldre tider dreiv ein god del personar med fehandel som næringsveg. Dei kjøpte opp storfe og hestar på vårparten. Tidleg om sommaren når det vart beite i høgfjellet, samla dei budskapane og dreiv dei til fjells. Oppkjøparane for rundt og samla dyra og dreiv dei oppover Fortunsdalen. Fyrste kvile- og beiteplassen var Fehagen i Fortun. Den andre var i Dokki og den tredje var i Turtagrø på Dølemyrane. Dette var almenningar for alle som for med dyr. Deretter dreiv dei feet over Keisaren og hamna i Guridalen, Storutladalen, Skogadalen og Uradalen. Der låg det folk heile sommaren, ofte innunder hellerar, og gjette beitedyra både for udyr og røvarar. Me veit namnet på to av desse gjetarhellerane. Det er storhelleren i Storutladalen og Andershelleren Øverst i Vetleutladalen. Der låg dei til dei om haustane samla feet i Lortevika ved Tyinholmen. Seinare dreiv driftekarane fedriftene nedover Valdres. Andre reiste på Sognefjellet til ulike hamnegangar der, og seinare nedover Gudbrandsdalen til ulike marknadsplassar og oppkjøparar. Det var store marknadsplassar for både hest og storfe mellom anna på Otta og Gjøvik. Når det gjaldt hest, var det stor etterspurnad frå Røros etter hestar til halmkøyringa.