Bustadtilhøve

Tekst: Kristina Stuppelshaug Øygarden, tilrettelagt av Bjørg G. Hovland

Fyrbøtarbrakka vart heimen min, eg er den yngste av tre syskin. Fyrste året far og mor var gifte budde dei hjå foreldri til far i bygdi og der var bror min fødd i 1909 på Stuppelshaugen.

Far var fyrst snikkar og medhjelpar, men i 1909 vart han tilsett som fyrbøtar. Me flytta i fyrbøtarbrakka og fekk stove, kammers og kjøken i fyrste høgdi av huset. Det låg drengjer på loftet.

Men når det kom to born til i 1911 og 1913 fekk me ogso rom på loftet.

Mor og oss sysken på trappa julehelga 1913. Foto S. Brathole

Overlege-/direktørboligen

Me hadde innlagt kaldt vatn og elektrisk ljos og eit lite kjellar-rom under huset til poteter. Vannklosett var det mange stader, og me fekk nytta eit for tenarar i maskinhuset like ved.

Eit felles tenarbad hadde me ogso høve til å bruka i kjellaren på storhuset. Der var rikeleg med heitt vatn. Det høyrde med til løni der oppe at alle hadde fritt hus, lys og brenne. Me kunne henta koks og ved alt me trengde. Aldri frysa, det var ei velsigning som mange misunte oss.

I vedhuset var elektrisk sag også.

Kusken budde i eit liknande hus litt nedanfor stabburet. Det vart seinare bustad for gartnaren.

Kusken Ole Feigum, kona og sonen Sverre. Foto O.Bringe

Frå v.: S. Avarda, Kristina Mo post/kontordame, Ragnhild Tjerandsen kjøkenassistent, S. Helga, Inga Knutsen inspektrise, s. Ingeborg, maskinist Dahl, s. Bertha oldfrue, s. Elen, Dir. Lunde, Else Wiig Jakobsen kjøkensjef, dr. Kaia Myhre, s. Martha, oversøster Augusta. Foto S. Brathole

Reservelegen var der oftast i to-tre år og hadde leiligheit i 3.høgdi på storhuset. Fem værelse med ein liten veranda på nedsida, kjøken, bad og to w.c. Dei hadde eigi tenestejente.

Assistentlegen var der i eit år, og hadde to store soverom og stove i 2. høgdi og tok all maten med fungsjonærane.

Like eins den hospiterande legen som var berre eit halvt år og budde på eit rom.

Inspektrisa hadde to rom ved sida av ass.legen.

Elles hadde dei andre funksjonærane eit stoverom med sovealkove på turkeloftet med trefag/vindauge.- kjøkensjefen, oldfrua, kontordama og guvernanten.

Sjukesøstrene som var fire + oversøster inntil 30-åra, hadde sine einrom på avdelingen.

Dei kvinnelege tenarane var to og to på romma sine på loftet. Kjøkenassistenten hadde også einerom. Alle tenarane åt på tenarsalen, søstrene hadde sin matsal, funksjonærane sin. Berre kjøkenpersonalet og bakaren åt på kjøken. Sanatoriet hadde eige bakeri.

I 1935-36 vart det bygd reservelege-bolig og det vart store forandringar midt i huset.