Barnearbeid

 Det fyrste arbeidet me hadde som eg hugsar, var å «groa pate». Sanatoriet hadde ein jordkjellar i bakken nedanfor den lange kurhallen. Den var full av «pate»,(poteter). Når det lei på vinteren og utover våren hadde me mang ei økt der nede. Det var mykje å fara over men me fekk ta det stundesvis og tykte det var moro å tena litt pengar. Diverre hugsar eg ikkje kor mange øre me fekk for dagen.

Kvar sommar i onni måtte me vera med far til eit gjerde han hadde kjøpt frami dalen, i Galdane. Det ligg rett over for Kolstad ved den gamle kløvjavegen. Far var eldst av syskeni sine og skulle overta småbruket etter far sin. Han hjelpte der med alle ting i fritida si. I Galdane stod ei liti løa og han bygde til ein skåle med to køyar, bord og benk med ein liten kokeomn. Her fekk eg mi fyrste undervisning i kokekunst. Som den yngste måtte eg koka havregraut, kaffi og pate, og heta opp medteke «nonsmat», hogga ved og bera vatn. Dette sommar arbeidet tykte søster mi og eg  var reine straffi. Me grudde oss til dei tre vekene far hadde ferie og alt skulle gjerast.

Tidleg starta me frå sanatoriet om morgonen. Gjekk Lauvhjelledalen og gjekk fram dalen til Tadlagjerdet, opp bratta og motbakkane til Galdane med tunge rupesekker. Kunne vera der mange dagar i gongen, til alt graset var kome i hes. So var det å traska same vegen heimatt. Det einaste me likte var å liggja i turrhøyet når det var inn i løa kome.

Verst var det å passa på å få høyet i hus med so lange avstandar. Hadde det vore godvær nokre dagar trudde me det var turt og streva oss avgarde. Men so hadde ikkje vinden blese nett der og me snudde heimatt. Seinare kjøpte far ein slåtteteig til, men den låg øvst i bygdi under Lauvhjell og lettare å koma til. Tidleg måtte me læra oss å raka og å hesja. Mor var aldri med på dette, berre far. Han var ein streng læremeistar som aldri let oss lemna eit strå, men ta vare på alt og ha ansvar for det me gjorde.

So kjøpte far også ein liten fjordahest, og det var stas å sitja på hjulsleden frametter dalen.

Då bror min vart frisk av sjukdomen var det han som vart sjef og var bestefar til hjelp på småbruket  som ei tid fostra 2-3 kyr, 10 sauer og so Blakken.

Aldri eit einaste år kan eg minnast ferien til far vart nytta på annan måte enn dette. Aldri noko reis nokon stad, berre ein tur til fjells i helgane.

Ovanfor sanatoriet ligg stølen Røssesete som leverte mjølk til «anstalten». I to somrar var det bror min sin jobb å kløvja mjølki ned til sanatoriet så lenge dei hadde kyrne sine der. Trur han var 12-13 år då.

Anna arbeid me hadde var å plukka bær. Alt me kunne plukka av blåbær og tytebær fekk me selja til sanatoriekjøkenet. Hugsar ikkje kor mykje me fekk for det.

Stundom kom kjøkensjefen med ein stor stamp med stikkelsbær uti kaffibakken og spurde om me ville klyppa stilk og blomst av dei. Då fekk me bollar og wienerbrød for det arbeidet.

Sjølve hadde me ogso ein grønsakhage som me hadde ansvar for å halda rein for ugras. Og det hende at gartnaren måtte ha hjelp til kål og gulrotsengene sine, som var uendeleg lange -og mange.

Eg var barnejente stundesvis hjå reservelegen i 1925-27, og minnest at eg fekk 50 øre timen, som var storveges.

                                                Skulegang

Der hadde nok vore lærar på sanatoriet før eg hugsar, for son til direktøren hadde privatlærar i sitt eige hus. Då bror min skulle byrja var direktørsonen så stor at han flytte på middelskule.

Det vart såleis ein smittefri pasient som skulle vera lærar for son til kusken og bror min. Han heitte Per Bogerud og vart seinare prest på austlandet. Skulerommet var då i  midtfløyen på storhuset ved sida av matsalen. Sanatoriet ytte fritt opphald for ein lærar+ skulerom, mot at foreldri hjelpte med løni.

Etterpå kom frk. Høstmark som var sværande snill. Ho plagdest so med bror min, han berre gret og ville heimatt. (Tillegg av moster Svanhild:-Men han gret ikkje mykje den dagen søster mi fekk eit stort plaster frå nasen og langt ned på håka fordi ho snakka formykje-!)

Eg byrja ikkje før hausten etter hjå ein som heitte Ludvig Ludvigsen. Det einaste eg hugsar av den vinteren er at han spela so mykje grammfon i timane. Kanskje var det me ungane som ville det.     Den plata me likte best heitte Lokkaren, og den vart knust ein dag. Då dansa Ludvigsen med betane,- han var sikkert glad det vart slutt.

I 1922 flytte familien til kusken Ole Feigum, og berre me tre trengde skule. Då ville ikkje sanatoriet halda lærar. Dei meinte me kunne gå på skulen i bygdi.

Det  var ikkje lov å fylgja bana so me måtte gå. Før hadde me hatt skule kvar dag frå 9 til 13. No vart det annankvar dag frå halv 9 til halv 4.

Bror min og eg gjekk same dagen, men småskulen slutta ein time før, så eg sat i klasserommet hans å venta så me hadde fylgje heimatt. Syster mi måtte gå åleine dei andre dagane.      

Me starta i 7-tida om morgonen og prang ned alle bakkar og snøggvegar til Lauvhjelledalen. Verst var det når snøen kom og me måtte brøyta veg. Verst var det øvst der det var mest. Då var det godt å ha ullbukser under skjørtet, men me var ofte gjennomblaute når me gjekk forbi på Bøen, ned Helagóta og til skulen som låg på hi sida av elvi. Sat so halve dagen og turka kledi ved ein raudglødande omn i skulestova,- for så å oppleva det same på vegen attende. Det kunne bli stup-mørkt før me var heime. Ski vart lite brukt i skogen.

Skiene våre var heimelaga treski med kalosje-solar og helar som far sette reimar på. Hadde ogso eit par med spanskrøyr-bindingar. Skorne var hudsko av kyrahud, og trebotningar om vinteren.

 Bror min hadde det me kalla «snaukobbar», heimesydde av lær, om sommaren.

Alle tre vart liggjande sjuke av pleuritt  med høg feber. Det lei langt på ettervinteren før me fekk ta til att på skulen. Men me tykte ikkje det var so ille å vera sjuke, for alle var so snille med oss og me fekk so mange gåver. Søstre og funksjonærar sende spel, billedbøker og alle slags godteri. Doktarane såg innom mest kvar dag og gjorde sikkert sitt aller beste. So me hadde det triveleg og til jul fekk me mange pakker. Men bror Johannes fekk sikkert ein knekk denne vinteren som melde seg seinare.

Våren 1923 kom det ny maskinist, Waagønæs, som hadde ei dotter i skulealder. Og no fekk me Bård Nordfonn til lærar, som ogso var smittefri pasient. Skulerommet var no i tredje høgdi, eit tomannsrom på mannsavd. Med lærarom attåt. Her var me ut skuletidi.

Me gjekk kvar dag frå halv 9 til 2. I friminuttane sprang me i gangane og rei på trappegelenderet. Aller helst sprang me heile turkeloftet til ende. Ofte hadde me ei formanande inspektrise etter oss, men det gløymde me fort. Ein dag hadde me funne stigen til øvste mønet og var ikkje seine om å gå på oppdagelse dit.  Men so hadde nokon vore å fjerna stigen, me kom oss ikkje nedatt og lærarinna leitte etter oss. Då fekk me dugeleg skjenn.

Bror Johannes vart sjuk for alvor, han fekk tub.i eit nyra og var sjuk lenge. Til slutt måtte han til Betania i Bergen å operera bort det sjuke nyra. Sidan har han vore frisk.

Me hadde mange snille og flinke guvernanter, slike som Anna Sjøtun, Borgfrid Solum og Marie Aasveien. Det vart bestemt at dei siste tre åri skulle det vera middelskule og son til presten skulle gå ilag med oss og bu hjå direktøren. Noko knirk vart det, for far ville me skulle ha landsmål i skulen. Men lærarinnene var bra tøyelege, for dei andre to elevane skulle ha bokmål. Verst vart det med den siste, frk.Kristensen, som var ei striks riksmålskvinna. Men det gjekk då på eit vis. Syster mi fekk fin karakter i landsmål då ho gjekk opp som privatist i Bergen. Eg gjekk ikkje middelskulen men dei lokka meg til å lesa tysk i to vintrar ved sida av. At det ikkje heller kunne vore engelsk!

Så var eg konfirmant i 1928.