Arbeidstilhøvi
Tekst: Kristina Stuppelshaug Øygarden, tilrettelagt av Bjørg G. Hovland
Far var altso fyrbøtar og var den fyrste på post om morgonen. Han var oppe kl.5 for å få igang til 6-halv 7 då då huset elles tok til å vakna. Fyrhuset var i kjellaren på storhuset, og dei fyrste kjelane var so høge at han ikkje kunne stå oppreist for å få koksen nedi. Han skufla koksen i ein kasse som han bar i armane opp stegen til topploket til kvar kjel. Trur det var fem kjelar.
Når han so hadde fått stimen opp i alle varmeapparat og matgryter, kom han heim og fekk kaffi,- skjeten og svart. Men det var berre ein halv time, so var det ivegen att. Slagget vart og fjerna med handemakt. Kom att «som eit uvær» når klokka var 10, -og stod ikkje då havregrauten på bordet ferdig var han ikkje nådig! Enno verre var det kanskje til middag kl.1 for då hadde han middagskvild til halv 3, og den måtte vera lengst muleg.
Om ettermiddagen var det rolegare. Då skulle koksen inn frå kokshuset og ved skulle kløyvast. I vintermnd.hadde han hjelp til dette, då var det koksdrengen som køyrde. So var det kaffi kl. 4 og kvelds kl 7, som var byggmjølsgraut. Etter den tid les han aviser og slikt, men fyren måtte passast og stengjast kl.10 om kvelden, og litt av ei ulukka om nokon av kjelane slokna om natti. Likevel veit eg aldri av at far var sjuk noko serleg, bortsett frå ryggjaverk og hekseskot. Han gjekk på.
I 1923-24 vart det ei stor omvøla i fyrhuset. Nye kjelar kom og vart senka djupt ned, slik at far fekk bruka ei vogn som gjekk på skinner i taket. Denne skufla han koksen oppi, drog den innover kjelen, opna i botn og koksen datt ned i holet. Mykje mindre slit.
Dette fyrhuset var i bruk til 1937. Då vart stimen oppheta med elektrisk kraft.
KOKSEN og TAUBANA
Det var to store kokshus nede på kaien. Oppe var det også eit stort telt for å få plass til mest mogeleg. Ein gong i året kom det koksbåt frå England med last til alle kjelane i fyren, og kokshuset vart fyllt. Hugsar serleg ein båt som heitte CORVUS. Den var her fleire gonger så me vart kjende med både mannskap og båt. Syster mi og eg fekk vera med styrmannen ombord og fekk sjå heile båten.
Det var travle tider under lossingi av koksen. Kokshuset på kaien som enno står, var lager for det som ikkje fekk plass oppe. Taubana gjek heile dagen, 7 koks-sekker kvar gong og ingen folk fekk fylgja. Travelt var det nede på kaien for dei som skulle lasta koks-sekkene på, og for dei oppe som skulle ta av og tømma, for så å senda tomsekkene nedatt.
Køyretidi var 10 min. To mann oppe og to mann nede. Start og stopp vart utført frå stasjonen oppe.
Galne unggutar fann stundom på å hengja etter nevane i dragelina, øvst, den ho låg lågt i terrenget, og so sleppa seg av i høveleg avstand. Sjølvsagt var dette ein farleg leik, men dei gjorde det likevel.
So var det ein slik dag i 1927 under kokskøyringi at ein gamal stødig kar var køyrekar og den spreke maskinist-sonen Julius var handtlangar. Den siste tok tak i dragelina og fylgde med opp over og slepte seg av på flaken. Men so ville ulukka at lina vava seg inn i gensaren til Julius, so då han slepte med nevane, vart han hengande etter gensaren og fylgde med i laus lukt og vart dregen inn mot hjulet i veggen. Alle som såg på skreik opp,- Julius vreid seg og hogg tak i hjulet med begge nevar og greidde å halda det! Dragelina slarka innover, vreid gensaren i filler medan Julius tvinna føtene kring dørstolpen og meinheldt hjulet til køyrekaren fekk stogga. Det var fæle sekundar og eit under at han greidde det.
Han fekk ikkje ska, og køyrekaren starta oppatt bana. Men alle var så forstøkte over det som hadde hendt og prata om det, så køyrekaren forsømde å sjå etter bana når ho kom att neste gong!
Han vart forsein inn i stasjonen slik at bana med koks-lasti kom i full fart, smadra veggen og gjekk langt inn i stasjonen før han fekk stogga. Det same hende nede på kaien.
Det vart slutt på kokskøyringi for den dagen.
Siste kvelden før koksbåten skulle gå, var et vanleg at heile mannskapet vart bedde opp på kaffi og dans, enten i brakka eller på vollen ved utsikten.
I 1938 vart det slutt på dette. Det gamle fyrhuset vart nedlagt og den store nye stim-kjelen overtok. Den vart kjøyrd opp alle svingane og plassert på taket av den nye maskinhalli. Dei meinte å klara det på ein dag. Det tok ei veke-.
Så vart alt overteke av elektrisitet.